Fager Kveldssol
Peter Hognestad, Christian Heinrich Rinch
[Tekst til "Fager kveldssol"]
[Vers 1]
Fager kveldsol smiler
Over heimen ned
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred
[Vers 2]
Berre bekken brusar
Frå det bratte fjell
Høyr, kor sterkt det susar
I den stille kveld
[Vers 3]
Ingen kveld kan læra
Bekkjen fred og ro
Inga klokke bera
Honom kvilebod
[Vers 4]
Så mitt hjarta stundar
Bankande i barm
Til eg eingong blundar
I Guds faderarm