No Ser Eg Atter Slike Fjell Og Dalar
No ser eg atter slike fjell og dalar
Som dei eg i min fyrste ungdom såg
Og same vind den heite panna svalar
Og gullet ligg på snø som før det låg
Det er eit barnemål som til meg talar
Og gjer meg tankefull men endå fjåg
Med ungdomsminne er den tala blanda
Det strøymer på meg så eg knapt kan anda
Ja livet strøymer på meg som det strøymde
Når under snø eg såg det grøne strå
Eg drøymer no som før eg alltid drøymde
Når slike fjell eg såg i lufti blå
Eg gløymer dagsens strid som før eg gløymde
Når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa
Når soli heim til natti vil meg lysa