Det lyser i stille grender
Jakob Sande, Thomas Beck, Havard Gravdal, Lars Soraas
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens
Frelsar som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.