Tung tids tale
Halldis Moren Vesaas, Lars Klevstrand
TUNG TIDS TALE
Halldis Moren Vesaas
Det heiter ikkje: eg no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så
er ho ikkje lenger berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt i mot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm.