Kallen og katten
Han Simon i støa og katten
Var mette av alder og år
Og båe var redde for vatten
Og båe var mest utan hår
Og alt medan åra tok ende
So tenkte vel kallen med seg
At her var det tryggast kan hende
Å fyrst sende katten i veg
Han prøvde med mange slags greier
Frå oljen i pipa til kniv
Men etter som røynde folk seier
Har katten fleirfoldige liv
Han gjorde sitt yttarste kallen
På det å bli katten sin kvitt
Til dess han fikk sett seg i skallen
Å prøyve med blank dynamitt
Han kjøpte patrona på bua
Med lunte av likaste sort
Og rusla so heim i den trua
At no var det endeleg gjort
So henta han katten i hagen
Og surra med skjelvande hand
Patrona på plass under magen
Med tridubbelt snøsokkeband
Han sprang i det same han tende
Og skolv enda lunta var lang
Men rekna'kje med ka som hende
Då katten fekk sjå kor han sprang
For best som han redd rende frå han
Som kua i stivbeint galopp
Var katten i hælane på han
Og dansa med lystige hopp
Og kallen vart meir og meir fælen
Di meir han så katten vart kåt
Og katten vart meir og meir kjælen
Di lygnare kallen for åt
Han sprang som en ungdom på atten
Og skamtrakka voksterleg gras
So ingen kan undrast at katten
Fann ut det var mykje til stas
Og kallen låg flat etter reina
Han heldt seg for bringa og bles
Med katten på sprang mellom beina
Og lunta i rykande fres
Og lunta vart kortar' og kortar'
Han kjende det meir enn han såg
Og kallen sprang fortar' og fortar'
Med kurs for ei løe der låg
Og det var han Simon i støa
Tilårskomen hjulbeint og rund
Han kappsprang med døden mot løa
Og slo han med knapt eit sekund
For midt under hardaste taket
Smatt Simon fortumla i ly
Og nett i det same kom braket
So moldspruten sto som ein sky
Og døra og litt utav veggen
Dreiv saman med dundar og brak
Og somt fauk i låret og leggen
Men verst vart han skamfaren bak
Og doktor vart bodsend og presten
Og kallen vart plåstra og smurd
So pass han sto oppatt på resten
Men katten vart aldri meir spurd