I mine kåte ungdomsdagar
I mine kåte ungdomsdagar, eg minnest dei so vel
Eg va' så fri fe' plagur, og ha' så glad ei sjel
Så tok eg te å tenkje på hoss detta kom te gå
Om eg kunne få ein gut som eg kunne lite på
Dei pratar om å gifte seg, men hu det e'kje godt
Å leite ut eit mannfolk iblant så stor ein flokk
Ein flink og fin og snål den er vanskeleg å få
Og skull'n vera doven, då blei det inga råd
Når eg ska' sei mi mеining så trur eg no visst det
At det va' mykjе bære å aldri gifte seg
Men fara fint og leike seg med guten litt iblant
Og einkvar henta gongen sova i hans fang