Vestland, Vestland
Å Vestland Vestland Når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg så mjukt og mildt
Og gleda strøymer i meg still og stor
Med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
Den stille skogen og det store hav
Min lette båt ein solblank kveld eg ror
Sjå fjell og himil sym på stille fjord
Og djupe dalen med sitt grøne fang
Som skin av lauv og blom frå lid og vang
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
Lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg umtind og tronge dal
Eit draumeslør av sumarnatti sval