To Menns Erkjenning
Jorde er bunden i faste kurs
Vegen er fastlagd og støtt stend hus
Men du og eg gjeng her og veit kji hot me vil
I drift
Som sneipen i vatnet og papir i vind
Som pollen som fyk frå den utsprungne lind
Som kvinner og menn og saker og ting
I drift
Så me er i drift
Ja me er i drift kven styrer okkos frie drift
Ikkje veit eg me eg lyer
På gamle menn som skjelv og på vitnemål som avgjer
Hor ein helst bør gå
Hot for plass ein bør klore seg fast på
Ja me er i drift mellom byråkratisk fasit
Ja me er i drift
Mellom mor sitt mas
Hell far sitt
Bortsett frå det er me frie menn
Men fridomen er no så liten den
At tida han tek må me sova då
I drift
Eller me går rundt å lurar på
Hotfe me ikkje ei rot kan få
Så slepp me å gå rundt å stresse då
I drift