Seglar
Ein båt heilt uten segl og bør
Eit ope hav ein gitar
Ein song og ein fugl du såg eingong før
Ellers ingenting som det var
Eit land i sikte men langt i nord
Dit kjem nok ikkje du
For havet er stille og båten er stor
Finns ikkje ror vil du snu
Og sola går ned i havet
Og natta stig opp av kavet
Og havet er fullt av stjerner no
Magellanske skyers glans
Og båten er borte men straumen er god
I seglarens himmelkrans
Ja båten er borte og rommet er vidt
Eit svimlande brus gjennom alt
Libra og Hercules er du alt kvitt
Ei segn eingong fortalt
Og sola går ned i havet
Og natta stig opp av kavet
Og du glid inn i dit vesen inn i ditt vesens grunn
Eit ope alt ein gitar
For du er songen i fuglens munn
Du er ein tone som ein gong var