November
Det er eit troll på loftet og
Draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og ute er eit skrømt frå den tid slike fanst
Han dansar utpå marka ein skummel dans
Og veden vil 'kje brenne og livet
Det er stutt
Så alle dei ringer og gjer det slutt
Og koppane dei skranglar når toget fér forbi
Det skingrar gjennom byen men det er ingen i
Å d'er noko som fer
Å d'er noko som skjer
Å d'er noko som hender
Og d'er ein som eg kjenner
Det er November
Og katten er så rar av det vonde han ser
På sin blodige tur der ute
Iblant halvetne fuglar og livredde mus
Som nok aldri kjem heim til sitt musehus
Å d'er noko som fer
Å d'er noko som skjer
Å d'er noko som hender
Og d'er ein som eg kjenner
Det er November
Det er eit troll på loftet og
Draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og eg er ikkje heime så alt det eg fortel
Ja det høyrde eg i lufta av
Ei daud og plaga sjel
Å d'er noko som fer
Å d'er noko som skjer
Å d'er noko som hender
Og d'er ein som eg kjenner
Det er November