Når du kjem til meg
Når du kjem til meg skal eg ikkje vere heime
Du kan stå og ringe på til du blir lei
Du har reist den lange vegen heilt åleine
Eg får aldri vite kva du ville sei
Du vil vel lure på kor det blei av meg
Og ta ein tur rundt huset før du går
Men eg hugsar litt for godt det du sa meg
Og eg kjem neppe heim igjen i år
Så tar du sikkert siste buss tilbake
Sjåføren smiler kjenner deg igjen
Så no skal du endeleg få smake
Din eigen medisin min gode venn
Eg trengte deg men du var aldri heime
No er det altså du som kjem til meg
Du står ved inngangsdøra mi åleine
Og som eg sa så er eg reist min veg