Jolevise
Eg vil heim til jol
Eg vil heim før klokka kimar
Og det er tid
Då vil eg ver' heime
Høyre songar, kjenne luktar
Slik dei er
Når alle ting dei ventar
På det som kjem og hentar oss opp i joletid
Eg vil heim til jol
Eg vil sitje i den benken
Som eg sat
Då eg var minst i huset
Men før jol, ja då får alle
Vera med
Med å pynte stoga
Setje Josef oppmed vogga
Feste stjerna høgt i tre
Eg vil heim til jol, eg
Stå i snøen utpå tu - net
Og vera klar
Når klokkene dei kimer
Fyller dalen med den son - gen
Som var før
Den helsar som eit mildt drag
Fyller husa med godt hjartelag
Og då veit eg at eg høyrer til