Trur du på lyng?: III. Kjærleik og liding
Ståle Kleiberg, Helge Torvund
Eg sat i eit rom som var fylt av liding
og så av lys
Eg gjekk på ein veg som vart til ei bru
og så til eit liv
Eg visste ikkje kvar eg skulle
Likevel kom eg hit
Jo meir kjærleik eg opnar for
Jo meir liding
Jo meir
lys