Folkefrelsar til oss kom
Erfurt, Einseideln, Bernt Støylen, Ambrosius
Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du soleis koma må.
Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.
Klårt di krubbe skina kan,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjær,
som til verdi komen er!
Fader god og Ande blid,
lov og takk til evig tid!
Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du soleis koma må,
kvi du soleis koma må.