Strandefjell

Om natta då eg slumrande og stilt låg i mi seng
Eg drøymde om eit djupblått hav og om ei sommareng
I draumen drog eg frå mitt land frå han som eg har kjær
Eg såg alt i den store verda alt som ei finnest her

Den kvelden før eg drog min veg gjekk eg til strandefjell
Der møtte eg min kjæraste så kvit som snø som fell
Han sa mi kjære ikkje reis min hug ligg i din hand
Kven skal få din kjærleik der i slike fjerne land

Eg lengtar til min kjæraste til å kome heim igjen
Der ligg eit hav i mellom oss men du ventar tru min venn
For i ditt hjarte finst eit hav ei verd ligg i di famn
Eg drøymer om den dagen eg seglar inn i Strande hamn

Så om du går på Strandefjell så kvil deg der ei stund
Der oppe finst ein bekk så klår der veks ein frodig lund
Og lerka syng så høgt i sky vedunderlege ting
For ho syng om min kjæraste eg skal alltid vere di
Ja ho syng om deg min kjæraste eg skal alltid vere di

Curiosidades sobre a música Strandefjell de Ingebjørg Bratland

Quando a música “Strandefjell” foi lançada por Ingebjørg Bratland?
A música Strandefjell foi lançada em 2014, no álbum “Berre Meg”.

Músicas mais populares de Ingebjørg Bratland

Outros artistas de Pop rock