Står meg av

Frida Ånnevik

Du snakka lågt og drog meg inn
Eg ville høyre kvart eit pust og ord
Som på ein radio skrudde eg meg fram
gjennom stadig skurr og støy og spam
til eg fann rett frekvens og rett program

Og sidan då var det berre det eine
Det var stemma di heilt tydeleg og aleine

Eg snakkar fort, du held igjen
Lufta står stille imellom ord
Og eg verar noko er på gang
Snart ber du om din eigen song
Slik blir det min tur, og den turen blir lang

Og sidan då var det berre det eine
Det var stemma di heilt tydeleg og aleine

Sjølv når alt er kvitt og berre kaldt
Du kan vera den som står meg
Står meg av

Du treng hav og vind
for å halde pusten varm
og tanken fast
Og i det låge ljoset mitt
Får åkeren eit slags gyllent snitt
Sjølv om vi går i kvar vår takt
Treffer slaget akkurat

Så når alt er kvitt og berre kaldt
Me kan vera det som står det
Står det av

Curiosidades sobre a música Står meg av de Hver gang vi møtes

De quem é a composição da música “Står meg av” de Hver gang vi møtes?
A música “Står meg av” de Hver gang vi møtes foi composta por Frida Ånnevik.

Músicas mais populares de Hver gang vi møtes

Outros artistas de Middle of the Road (MOR)