Min eigen song
Du er han som teier i skogen
Du er han som sjeldan får svar
Du er bror til dei byksande harar
og mårens åndelege far
Du slår kløktige akkordar
på din eigen indre gitar
Melankoliens avenyar –Der var du heime ein gong
Du trudde alt det vakre som Astrud Gilberto song
med Marty Paich sitt orkester
i nittensekstifem
og diktarens ord kom føre deg:
”Du skal aldri komme hjem”
Eg har ein vind i mitt hjarte
og ein saksofon i mitt bryst
eg eig eit sommarleg minne
om jentene eg har kyst
eg står her no og teier
nett så lenge eg har lyst
Melankoliens avenyar –Der var eg heime ein gong
Eg trudde alt det vakre som Astrud Gilberto song
med Marty Paich sitt orkester
i nittensekstifem
og diktarens ord kom føre meg:
”Du skal aldri komme hjem”
”Du skal aldri komme hjem”
”Du skal aldri komme hjem”