20 år på vegen
Det er fredagskveld på eit samfunnshus.
Eit venninnelag på stigans rus
spør meg om eg kan, den du veit.
Eg har sunge eg om hjartelengt.
Spela solo, eg, med roken streng.
Og av å til er det like greit.
I Nord og Sør har eg farta rundt,
ikkje alt har vore like sunt.
Men somme sjansra kjem aldri att.
Frå høge fjell har eg skoda ut.
Eg har sveva lenge, eg har falle djupt.
Eg har vore ute ei vinternatt.
Eg har 20 år på vegen i eit litt for langstrakt land –
og det begynnar å røyne på.
Meir enn 20 år på vegen, men eg har aldri kome fram.
Og eg begynnar å skyne samanhengen no.
Eg kan minnast då eg såg deg fyrst.
Du spurte meg om eg var tyrst.
Eg sat i hjørnet i ein pianobar.
Det var nok ein kveld i nok ein by.
Du sa eg burde søke ly.
Eg har enno ikkje kome på eit svar.