Ny Sang Kan Ta Te
Gje meg ein sang om stormen som ska stilne
Gje meg ein sang om såra som ska gro
Ja gje meg du ein sang om hjarta som ska mildne
Og om ein vår som venta for oss to
So gje meg ein sang om fargu som ska skine
Gje meg ein sang om lys og skuggespel
Ja gje meg du ein sang om isen som ska tine
Og om under som ska bli oss te del
Eg har snudd kor ein stein
Eg har prøvd å tyde tegn
Søkt den staden der ein vind blæs mildt
Eg har leita etter svar
Og no ser eg det so klart
Eg må finne den staden der mi sjel fær fred
Eg tenkjer finne den staden
Der ein ny sang kan ta te
Gje meg ein sang om alt som ska bli annleis
Gje meg ein sang om alt som står ved lag
Det me drøymde om ein gong
Det kan me klare framleis
Sjå ut glaset der lysnar det tå dag
Eg har snudd kor ein stein
Eg har prøvd å tyde tegn
Søkt den staden der ein vind blæs mildt
Eg har leita etter svar
Og no ser eg det so klart
Eg må finne den staden der mi sjel fær fred
Eg tenkjer finne den staden
Der ein ny sang kan ta te