Dei ljose dagar

Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen

Dei ljose dagar og gode minne
me gøymer djupt i vårt hjarta inne.
Dei er som stjerner i mørke natt
og legg i hugen sin gylne skatt.

Dei blanke stjerner vil for oss lyse
når me i livet må sorga hyse.
Eit venleg handtrykk med gode ord
er beste gåva frå syster, bror.

Så stend me saman når himlen mørkjest
og kjenner hjarta vårt stille styrkjest.
På denne vandring i jordlivskår
me eig ei von om ein evig vår.

Músicas mais populares de Gunstein Draugedalen

Outros artistas de CCM (Contemporary Christian Music)