Kjærleikens tre
. KJÆRLEIKENS TRE
So vandra dei til møte
ved det kjærleikens tre,
og han kom få nordan
og ho der sunnanté.
Og føtane dei trødde
so lett på tylten tå
og månen synte vegen
i den sommornotti blå.
Ja, føtane so trygge
ut i sommornotti sveiv
der dei på månestigan
inni blåbergi kleiv.
Og treet sto og venta
alt uppi høgan hei
det kjærleiksparet tenkte
at det venta just på dei.
Og her skal navni standa
alt heldt han kringom stål
då stagga ho den hondi:
høyr det skjelv som i et mål!
Og som klage frå ei harpe
i det kjærleikens tre
det brusa gjenom lauvet:
Lat borken min i fred!
Kva er vel alle navn
dei i holdet mitt skjer
anna enn flengjur
uti livets vene vev?
So vandra dei frå møtet
under kjærleikens tre
og varleg dei trødde
etter månestigan ned.